Denne annonsen er utgått på dato
Austrheim kommune er ein vekstkommune som ligg nord i Hordaland med nær 2800 innbyggarar. Kommunen er ein av vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter. Austrheim har eit tett samarbeid med Lindås kommune om utvikling på Mongstad. Kommunen er også vertskap for ei stor maritim næring. Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av over 480 øyar, holmar og skjer. Bruer knyter kommunen saman og ringvegen i Nordhordland går gjennom Austrheim. Kommunen er eit eldorado for aktivitetar knytt til kyst og hav, og den årlege Havsportveka i august er blitt eit omfattande arrangement som trekkjer folk frå inn- og utland. Austrheim kommune er ein del av regionen Nordhordland. Kommunesenteret ligg vel ein time frå Bergen sentrum. Det er gode jobbmuligheiter i Nordhordlandsregionen, og vi hjelper til med å skaffe jobb for to!. Full barnehagedekning og gode tenester er noko av det som møter deg viss du flyttar til oss.
Økonomisjef
Austrheim kommune har ledig ei fast 100% stilling som økonomisjef. Stillinga har ansvar for administrativ og fagleg leiing av økonomiavdelinga som er inndelt i 3 fagområde: Kommunerekneskap/økonomisk planlegging, skatt og lønn. Det er tre tilsette på desse fagområda i dag. Stillinga inngår i rådmannen si toppleiargruppe saman med rådmann, assisterande rådmann og nyutlyst stilling som kommunalsjef.
Hovudansvar:
- Overordna økonomiforvaltning og styring
- Budsjett- og økonomiplanarbeid
- Finansforvaltning
- Finansiering/låneopptak
- Kommunerekneskap
Krav til stillinga:
- Leiarerfaring/kjennskap til kommunal sektor
- God evne til kommunikasjon
- Gode samarbeidsevner
- Handlingsorientert
Kvalifikasjonar:
- Høgare økonomisk utdanning frå universitet/høgskule
For nærare opplysningar kontakt assisterande rådmann Olav Mongstad, tlf. 56 16 20 00/913 74 696.
For stillinga gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår, lover, reglement og tariffavtalar og medlemskap i pensjonsordninga. Lønn etter avtale.
Søknad med CV, vitnemål og attestar vert å senda:
Austrheim kommune
v/rådmannen
Sætremarka 2
5943 Austrheim
eller elektronisk til. post@austrheim.kommune.no
Innan 01.02.12
Vennligst referer til Bergen Næringsråd i søknaden.